Opplæringslova
§ 10-2 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag
Tilsette som skal undervise, må ha relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i.
Departementet gir nærmare forskrifter om krav til relevant kompetanse for dei som skal undervise på ulike årstrinn og i ulike skoleslag. Departementet kan i forskrift også fastsetje at det ikkje skal stillast krav om relevant kompetanse i enkelte fag.
Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for den som er mellombels tilsett etter § 10-6 eller etter arbeidsmiljølova, eller den som er tilsett på vilkår etter § 10-6a. Fram til 1. august 2025 har den som har fullført allmennlærarutdanninga, og den som før 1. januar 2014 oppfylte krava for tilsetjing i undervisningsstilling, dispensasjon frå krav som er gitt i medhald av andre ledd.
Skoleeigar kan, så langt det er nødvendig, fråvike kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag i tilfelle der skolen ikkje har nok kvalifisert undervisningspersonale i faget. Det må takast stilling til dette for kvart skoleår.
Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 jan 2004 iflg. res. 27 juni 2003 nr. 774), føyd til att med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), endra med lover 19 juni 2015 nr. 76 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 699), 13 jan 2017 nr. 1 (ikr. 1 feb 2017 iflg. res. 13 jan 2017 nr. 26).