Forskrift til opplæringslova
§ 6-44 Særskilt om inntak til nokre statlege vidaregåande skolar
Føresegnene i dette kapitlet gjeld inntak til desse statlege vidaregåande skolane så langt dei høver:
- Samisk videregående skole, Karasjok, Sami joatkkaskuvla, Karasjogas
- Samisk videregående skole og reindriftsskole, Kautokeino, Sami joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu
- Statens skolar med utdanningsprogram for naturbruk.
Søkjarar frå heile landet stiller likt ved inntak til dei skolane som er nemnde i denne paragrafen.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, har samisk ungdom førerett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, går elles framfor søkjarar som kan få oppfylt ønska sine ved ein annan skole.
Inntak til dei samiske vidaregåande skolane som er nemnde i denne paragrafen, skal gjerast av inntaksnemnda i Finnmark fylke.
Kapitlet 6 gjeld, så langt det høver, for inntak til statlege vidaregåande skolar.