Forskrift til opplæringslova
§ 6-43 Inntaksrekkjefølgje til knutepunktskolar
Dersom det til eit utdanningsprogram/programområde ved ein knutepunktskole er fleire søkjarar enn elevplassar, skal fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, fordele plassane i denne prioriterte rekkjefølgja:
- søkjarar frå eige fylke med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
- søkjarar frå eige fylke utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
- søkjarar frå resten av landet med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
- søkjarar frå resten av landet utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Innanfor kvar av gruppene i første ledd skal plassane fordelast på grunnlag av føresegnene om inntaksrekkjefølgje etter § 6-14 til § 6-28 for Vg1 og § 6-29 til § 6-39 for Vg2 og Vg3.
Skolane må reservere plassar for søkjarar som ikkje har vurdering med karakterar. Desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av ei individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering som òg legg vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjaren.
Eleven skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen han eller ho først er teken inn til.