Forskrift til opplæringslova
§ 6-35. Søkjarar med enkeltvedtak om spesialundervisning eller planlagd grunnkompetanse
Søkjarar som har enkeltvedtak om spesialundervisning, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå Vg1 eller Vg2, kan takast inn til neste nivå på grunnlag av ei individuell vurdering. Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må fylkeskommunen gjere ei heilskapleg vurdering av om dette er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader. I vurderinga skal det leggjast vekt på ei sakkunnig vurdering og søkjaren si prioritering.
Søkjaren skal takast inn til eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 søkjaren har gjennomgått. Om det ikkje er forsvarleg å ta søkjaren inn til Vg2, skal søkjaren eventuelt takast inn til Vg1. Om det ikkje er forsvarleg å ta inn søkjaren til Vg3, skal det vurderast om søkjaren skal takast inn til Vg2 neste skoleår.
Denne føresegna gjeld òg for søkjarar som følgjer eit planlagt løp mot grunnkompetanse etter opplæringslova § 3-3 første ledd.