Forskrift til opplæringslova
§ 6-34. Utrekning av poeng
Ved utrekning av poeng skal alle standpunktkarakterane, eksamenskarakterane og halvårsvurdering med karakter i faga på Vg1 og eventuelt Vg2 leggjast til grunn.
Ved omrekning til poeng i faga som ligg til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:
- Kvar av talkarakterane får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
- I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
- Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-18, § 3-19 og § 3-20, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
- For søkjarar som har fått «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM), skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.
- Dersom søkjaren har teke fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
- For søkjarar som har gått fleire forskjellige utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.