Forskrift til opplæringslova
§ 6-18. Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9
Søkjarar som har rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, kan søkje om inntak til Vg1 med bruk av tolk i ein ordinær vidaregåande skole. Søkjaren kan òg søkje om inntak til ein knutepunktskole etter § 6-40 til § 6-43. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole.
I samband med søknad om fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og opplæring med tolk i ein ordinær vidaregåande skole, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til
- det behovet søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
- om behovet til søkjaren blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
- om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.
Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her. Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.
Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd etter behova til eleven. Eleven har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram.