Forskrift til opplæringslova
§ 6-21. Utrekning av poeng
Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til grunn.
Ved omrekning til poeng i dei faga som skal leggjast til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:
- Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
- I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
- I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget reknast med i poenga til søkjaren.
- Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-17 til § 3-21, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
- For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.
For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-29, skal poeng reknast ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-12 eller § 4-13, skal sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga, skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.