Forskrift til opplæringslova
§ 4-4 Karakterar i fag mv.
Vurdering med karakterar skal givast med talkarakterar. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.
Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:
- Karakteren 6 uttrykkjer at deltakaren har framifrå kompetanse i faget.
- Karakteren 5 uttrykkjer at deltakaren har mykje god kompetanse i faget.
- Karakteren 4 uttrykkjer at deltakaren har god kompetanse i faget.
- Karakteren 3 uttrykkjer at deltakaren har nokså god kompetanse i faget.
- Karakteren 2 uttrykkjer at deltakaren har låg kompetanse i faget.
- Karakteren 1 uttrykkjer at deltakaren har svært låg kompetanse i faget.
I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanverket at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.
Ved realkompetansevurdering brukast uttrykka godkjent eller ikkje godkjent i heile eller delar av faget.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).