Forskrift til opplæringslova
§ 4-3 Vurdering i fag
Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst undervegs, og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget.
Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Deltakarar skal vere kjende med læreplanen i faget.
Føresetnader, fråvær, orden eller åtferd skal ikkje inn i vurderinga i fag. Innsats er berre ein del av grunnlaget for vurdering dersom det følger av læreplanen i faget.
Deltakarane skal møte fram og delta aktivt i opplæringa. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at lærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).