Forskrift til opplæringslova
§ 3-53 Samla krav til praksis før fag- eller sveineprøve for kandidatar for fagbrev på jobb
For kandidat for fagbrev på jobb, er det mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis og opplæring. Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast.
Før teikning av kontrakt, skal det stillast krav om minimum eitt års allsidig praksis i faget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid.
Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd, og for eventuell realkompetanse, før ein inngår kontrakten. Det er likevel eit krav om ei minste kontraktstid på eitt år.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).