Forskrift til opplæringslova
§ 3-52 Vurdering av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje karakter.
Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.
Det skal brukast ein tredelt skala med dette innhaldet:
- bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
- bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
- ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.
Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).