Forskrift til opplæringslova
§ 3-14 Sluttvurdering
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3.
Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.
Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen, jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.
Når ein elev har ein bestått sluttvurdering i eit fag, skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).