Forskrift til opplæringslova
§ 3-6 Karakterar i orden og i åtferd
Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.
Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan karakter.
Desse karakterane skal brukast:
- God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
- Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
- Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).