Forskrift til opplæringslova
§ 3-5 Karakterar i fag
Til og med 7. årstrinn skal det berre givast vurdering utan karakter.
Frå og med 8. årstrinn skal vurdering givast både med og utan talkarakter. Det er berre krav om å gi talkarakter ved halvårsvurdering med karakter og sluttvurderingar.
Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.
Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:
- karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
- karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
- karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
- karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
- karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
- karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.
I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanverket at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).