Forskrift til opplæringslova
§ 1B-4 Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. og 2. årstrinn
Kommunen skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. og 2. årstrinn som har plass i skolefritidsordninga. Kommunen kan krevje betaling for kost.
Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei 12 timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg.
Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i feriane til skolen, gjeld fritaket frå foreldrebetaling også i desse periodane. Kommunen treng likevel ikkje å fordele dei 12 timane på alle dagane kommunen har eit tilbod om skolefritidsordning i feriar.
Kommunen kan ikkje rekne om dei 12 timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
Tilføyd ved forskrift 13 juni 2022 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2022), endra ved forskrift 26 mai 2023 nr. 752 (i kraft 1 aug 2023).