Rundskriv om skolefritidsordninga
Kommunane kan i utgangspunktet utforme skolefritidsordninga ut frå lokale forhold, ønske og behov. Dei er likevel bundne av reglane som gjeld for skolefritidsordninga i opplæringslova og opplæringsforskrifta.
Regelverk
Sist endret: 11.04.2025
Frå 1. august 2026 blir opplæringslova endra slik at elevar på 1. til 3. trinn får ein lovfesta rett til 12 timar gratis skolefritidsordning (SFO) i veka. Vi vil innan denne datoen oppdatere rundskrivet i tråd med endringa.
Endringa påverkar korleis den lokale forskrifta til kommunen skal formulerast. Malen vår for forskrift om SFO er allereie oppdatert, og kan brukast for fastsetjing av forskrift som gjeld frå august 2026.