Fjernundervisning – kva for reglar gjeld?

Kunnskapsdepartementet sende i april eit lovforslag til Stortinget om blant anna endringar i opplæringslova knytte til gjennomføring av opplæringa som fjernundervisning (prop. 145 L (2020-2021)).

Stortinget vedtok ikkje forslaget om fjernundervisning, men bad regjeringa kome tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov. Ei oversikt over saksgangen og dokumenta finst på Stortinget sine nettsider 

Det er derfor ikkje vedtatt endringar i reglane om fjernundervisning, og noverande reglar gjeld inntil vidare.

Nedanfor vil vi kort omtale gjeldande reglar om fjernundervisning. Teksten er henta frå lovforslaget til Kunnskapsdepartementet og omtale av gjeldande rett i Prop 145 L (2020-2021) punkt 3.2. Frå 1. august 2021 gjeld tilsvarande reglar for fjernundervisning ved friskolar.1

Gjeldande reglar om fjernundervisning

Opplæringslova

Opplæringslova og forskrift til opplæringslova opnar for å gi opplæring i og på samisk og opplæring i finsk og kvensk2, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring3 som fjernundervisning når opplæringa ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale på skolen. Opplæringslova opnar òg for å gi grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne som fjernundervisning4

Utover dei tilfella der fjernundervisning eksplisitt er tillaten, er ikkje fjernundervisning regulert i opplæringslova. Det er lagt til grunn at det er tillate å bruke fjernundervisning i avgrensa delar av opplæringa i fag i vidaregåande opplæring (Dokument nr. 15:674 (2018–2019)). Det er òg lagt til grunn at fjernundervisning gjennom såkalla robotar kan vere eit supplement for elevar som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan vere på skolen. Ein robot tar fysisk plassen til eleven i klasserommet og overfører bilete og lyd til eleven som er fråverande. Eleven kan gjennom roboten kommunisere med resten av klassen og læraren i sanntid. Eit eksempel på denne typen robot er den norskutvikla AV1. Undervisning ved hjelp av ein robot gjer at eleven kan følgje med i opplæringa, og det kan medverke til at eleven kjenner sosial tilhøyrsle med klassen. Slik undervisning kan vere eit tillegg til andre måtar å organisere opplæringa på, for eksempel besøk i heimen. Det er lagt til grunn at skoleeigaren ikkje kan oppfylle retten elevane har til opplæring ved utelukkande å vise eleven som er heime, til å bruke robot5.

Behandling av personopplysningar i samband med fjernundervisning

Opplæring som blir gjennomført som fjernundervisning, inneber overføring av informasjon om den enkelte eleven i form av lyd, bilete og tekst. Reglane om behandling av personopplysningar gjeld for denne typen behandling.

Reglar om behandling av personopplysningar er fastsette i personopplysningslova. Personopplysningslova gjennomfører EUs personvernforordning, og forordninga gjeld som lov med visse tilpassingar, jf. personopplysningslova § 1.

Personopplysningar kan berre behandlast ved bruk av digital teknologi dersom det er eit lovleg behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga artikkel 6. Behandlingsgrunnlag kan blant anna vere at behandlinga er nødvendig for å utøve offentleg myndigheit eller oppfylle ei rettsleg forplikting. I begge tilfella krevst det eit supplerande rettsgrunnlag. Dersom dei rettslege forpliktingane i opplæringslova gjer det nødvendig å behandle personopplysningar, vil forpliktingane vere eit supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar.

Det er skoleeigaren som er ansvarleg for opplæringa, og som avgjer om det skal brukast digital teknologi. Skoleeigaren vil seie kommunen og fylkeskommunen for offentlege skolar. Det er skoleeigaren som er behandlingsansvarleg, og som må sørgje for at krava i personopplysningslova blir oppfylte. Krava inneber for det første at det må finnast eit behandlingsgrunnlag. Dessutan må behandlinga vere i samsvar med prinsippa for behandling av personopplysningar og andre krav i personopplysningslova og personvernforordninga.


1Friskolelova § 1-2 tredje ledd
2Forskrift til opplæringslova kapitel 7.
3 Opplæringslova §§ 2-8 og 3-12
4Opplæringslova § 4A-4
5 Brev frå Kunnskapsdepartementet datert 19.05.2017 om bruk av robot i undervisninga