Reisefølge og tilsyn når en elev må bytte transportmiddel

Utdanningsdirektoratet har svart på eit spørsmål om det er kommunen eller fylkeskommunen som er ansvarleg for å sikre ei forsvarleg skyssordning når ein elev må byte transportmiddel i samband med skoleskyss.

Ansvaret for skyss m.m.

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skyss til elevar som har rett til dette på grunn av lengda på skolevegen.
Fylkeskommunen har også ansvar for retten til reisefølge og tilsyn for elevar i vidaregåande skole, medan det er kommunen som er ansvarleg for reisefølge og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne.

Når fylkeskommunen har ansvaret for skyssen, er det dei som må sørge for at skyssen er forsvarleg heilt frå skolen og fram til heimen. Men sjølv om fylkeskommunen har ansvaret for skyssordninga, vil også kommunen kunne ha plikt til å bidra til at den samla skyssordninga blir forsvarleg. Det følger mellom anna av opplæringslova § 13-4, jf. § 7-4. Kommunen har plikt til å oppfylle retten til tilsyn og reisefølge etter § 7-4 for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne også når fylkeskommunen skal sørge for skyssen.

Reisefølge og tilsyn

Elevar har rett til nødvendig reisefølge og til nødvendig tilsyn når det oppstår ventetid før undervisningstida begynner, og etter at undervisningstida er slutt. Regelen om tilsyn gjeld i hovudsak tilsyn medan eleven ventar på skoleområdet før og etter skoletid, men også tilsyn i samanheng med at eleven byter transportmiddel, kan i særlege tilfelle vere omfatta. Det gjeld situasjonar der byte av transportmiddel er særleg farleg.

Når det gjeld spørsmålet om byte av transportmiddel er særleg farleg, viser forarbeida til lovutkastet til § 7-1. I merknadene til § 7-1 om farleg skoleveg står det: «Både tilstanden til skolevegen, klima, trafikkforholda på vegen og forhold knytte til den enkelte eleven er viktige når kommunen skal vurdere om skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg.» At det skal takast omsyn til forhold knytte til den enkelte eleven, inneber at det med utgangspunkt i alder og modenskap skal gjerast ei konkret vurdering av om skolevegen er særleg farleg.
Helgeland skriv i ein merknad til § 7-4 på s. 227: «For eksempel kan de minste elevene bli utsatt for særskilt farlige situasjoner på en stor og travel busstasjon, der de må bytte buss på vei til skolen.»

Konklusjon

Om fylkeskommunen må sørge for ei anna skyssordning, eller om kommunen må sørge for reisefølge og tilsyn, må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Dersom skyssen og reisetida i seg sjølv er forsvarleg, men for eksempel alderen til eleven tilseier at eit byte er særleg farleg, vil det mest naturlege vere at kommunen stiller med reisefølge eller tilsyn. Dersom ein meiner at skyssen i seg sjølv ikkje er forsvarleg som følge av for eksempel lang reiseveg eller mange byte, tilseier det at fylkeskommunen må finne andre løysingar for transport.

For funksjonshemma som har rett til skyss etter § 7-3 og ein helsetilstand som tilseier bruk av drosje, kan ikkje fylkeskommunen pålegge kommunen å stille med reisefølge slik at det ikkje er nødvendig med drosjeskyss. Først når eleven ikkje kan reise aleine med drosje, har kommunen plikt til å stille med reisefølge.  Sjå  tolkningsuttsegninga vår om skyss, reisefølge og tilsyn for funksjonshemma.

Kommunane og fylkeskommunane bør samarbeide for å finne gode løysingar lokalt. Skysstilbodet frå fylkeskommunen skal organiserast i samråd med kommunane.