Opplæringslova
§ 13-4 Ansvaret for skoleskyss m.m.
Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.
Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan departementet gi pålegg.
Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter denne lova, dessutan forskrifter om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke.
Endra med lover 12 apr 2002 nr. 10 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 12 apr 2002 nr. 349), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 17 juni 2016 nr. 65 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 679), 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).