Moglegheit for kommunen til å endre tilbodet om språkleg fordjuping

Skolen vel sjøl kva type språklig fordjupning elevane kan vele frå, men dei elevane som har valt språklig fordjupning skal få tilbod i det same språket alle åra på ungdomstrinnet

 

Gjelder

Det går fram av første ledd andre punktum i § 1-8 i forskrift til opplæringslova at «[n]år ein elev har valt anten framandspråk eller språkleg fordjuping, skal eleven normalt ha faget på heile ungdomstrinnet». Vidare heter det i tredje ledd at «[s]koleeigaren skal tilby opplæring i språkleg fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk eller samisk ved kvar skole. Skoleeigaren bestemmer kva for språkleg fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.»

Elevane skal normalt halde fram med faget

Problemstillinga blir etter dette kva ein legg i at elevane «normalt» skal ha faget på heile ungdomstrinnet. Unntak går fram av første ledd tredje og fjerde punktum. Vidare går det fram av fjerde ledd at elevar som har hatt opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping, ikkje har rett til å halde fram med opplæring i det framandspråket eller den språklege fordjupinga dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Hovudregelen er med andre ord at elevane skal halde fram med språkleg fordjuping i det faget dei har hatt tidlegare på ungdomstrinnet, og det faktum at skolen ønskjer å tilby språkleg fordjuping i norsk framfor engelsk, er ikkje omfatta av dei fastsette unntaka.

Dersom elevane sjølve ønskjer å gå over frå engelsk fordjuping til norsk fordjuping, kan skoleeigaren godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt enn i løpet av det første halvåret, dersom skoleeigaren vurderer at det ligg føre særlege grunnar, jf. § 1-8 første ledd siste punktum.

Same plikten til å tilby faget alle dei tre åra som ved arbeidslivsfag

Femte ledd i § 1-8 kom til 01.08.2012 og gjeld moglegheita for skoleeigaren til å tilby arbeidslivsfag. Fylkesmannen påpeiker at det i dette leddet kjem uttrykkeleg fram at skoleeigaren må tilby faget alle dei tre åra på ungdomstrinnet for dei som vel faget frå 8. trinn, mens det ikkje kjem like tydeleg fram når det gjeld språkleg fordjuping. Plikta til å tilby faget alle dei tre åra er ikkje meint å vere annleis for arbeidslivsfaget enn for framandspråk og språkleg fordjuping, men kjem noko klarare fram i forskriftsteksten. Plikta til å tilby same faget alle dei tre åra, uavhengig av om det er tale om framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag, heng saman med at kompetansemåla elevane skal nå etter 10. årstrinnet, er dei same uavhengig av kor lenge eleven har hatt opplæring i faget.

Vedlegg

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!