Forskrift til opplæringslova
§ 1-8 Opplæring i framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag i grunnskolen
Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, fordjuping i engelsk, norsk, samisk, matematikk eller opplæring i arbeidslivsfaget.
Skoleeigaren skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I ved kvar skole. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skoleeigaren bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.
Skoleeigaren skal tilby opplæring i fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk, samisk eller matematikk ved kvar skole. Skoleeigaren bestemmer kva for fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skoleeigarar kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.
Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skoleeigaren bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.
Når ein elev har valt anten framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skoleeigaren godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.
Endra ved forskrifter 12 april 2012 nr. 357 (i kraft 1 aug 2012), 20 feb 2013 nr. 228 (i kraft 1 aug 2013), 4 mars 2014 nr. 255 (i kraft 1 aug 2014), 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016).