Vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

  Kompetansemål etter kommunikasjon og yrkesutøving

  • utforske
    kva yrkesetikk og verksemdskultur har å seie i utvalde bransjar innanfor administrasjon, service og sikkerheit
  • reflektere
    over forventningar til tilsette i sikkerheits-, administrasjons- og servicestilingar
  • utforske
    korleis kultur, verdiar og haldningar påverkar kommunikasjon mellom menneske, og
    reflektere
    over korleis ein kan ta omsyn til dette i ulike arbeidssituasjonar
  • gjere greie for
    servicerolla og
    utforske
    korleis utøvinga av servicerolla må tilpassast ulike mottakarar i ulike situasjonar, og korleis måten rolla blir utøvd på, kan påverke omdømmet til verksemder
  • møte behov på ein profesjonell og sjølvstendig måte og
    utvikle
    løysingar som dekkjer behova
  • reflektere
    over etiske dilemma som kan oppstå i ein arbeidssituasjon, og foreslå moglege løysingar og førebyggjande tiltak
  • presentere
    samanhengen mellom ekstern, intern og interaktiv marknadsføring og
    forstå
    servicemedarbeidaren si rolle i dette
  • utarbeide og
    presentere
    informasjon tilpassa ulike målgrupper og
    bruke
    eigna kommunikasjonsverktøy
  • utforske
    tiltak som kan førebyggje konflikt, og
    bruke
    ulike metodar for konflikthandtering
  • utforske
    og
    gjere greie for
    aktuelle lover som regulerer yrkesutøvinga
  • drøfte
    og
    forstå
    korleis verdiane og spelereglane i demokratiet regulerer yrkesutøvinga i sikkerheitsarbeidet og i administrativt arbeid

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering