Kompetansemål og vurderingSamfunnskunnskap vg1/vg2 (SAK01‑01)

Samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • utforske
    og
    presentere
    dagsaktuelle tema eller debatter ved å
    bruke
    samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
  • utforske
    korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og
    reflektere
    over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar
  • gjere greie for
    sosialisering og
    drøfte
    korleis identiteten og sjølvkjensla til ungdom blir påverka gjennom sosialisering
  • drøfte
    korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
  • reflektere
    over utfordringar i samband med grensesetjing og
    drøfte
    ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp
  • reflektere
    over eigne digitale spor,
    utforske
    kven som har tilgang til spora, og
    drøfte
    korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
  • innhente informasjon om forskjellige former for sosial ulikskap i Noreg og
    drøfte
    samanhengen mellom ulikskap og utanforskap
  • reflektere
    over likskapar og ulikskapar i kulturuttrykk, identitet og levesett innanfor og mellom majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie
  • utforske
    og
    beskrive
    korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og
    drøfte
    korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor
  • utforske
    og
    drøfte
    korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
  • reflektere
    over kva det inneber å vere medborgar, og
    samanlikne
    korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
  • vurdere
    korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
  • gjere greie for
    grunnlaget for menneskerettane og
    utforske
    og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
  • vurdere
    årsaker til og tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og
    drøfte
    grensene for ytringsfridommen
  • utforske
    ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og
    drøfte
    korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper
  • drøfte
    samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering