Kompetansemål og vurderingRettslære (RTL01‑04)

Ikke gyldig før 1.8.2022

Samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter rettslære 2

  • utforske
    og
    drøfte
    skiljet mellom rett og rettferd i ein rettsstat
  • utforske
    og
    bruke
    ulike rettskjelder for å løyse juridiske problemstillingar
  • identifisere partar, krav, rettsleg grunnlag og juridisk problemstilling, og
    gjennomføre
    juridisk drøfting for å komme fram til ein konklusjon
  • utforske
    og
    drøfte
    dagsaktuelle juridiske problemstillingar eller rettsspørsmål
  • utforske
    demokratiet si stilling i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie, og
    gjere greie for
    grunnleggjande menneskerettar som varetek dette
  • utforske
    rettsforholdet mellom individ og offentleg forvaltning og
    bruke
    sentrale reglar om saksbehandling
  • bruke
    sentrale reglar om personvern og
    utforske
    juridiske problemstillingar som oppstår i samband med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi
  • bruke
    grunnleggjande vilkår til å
    vurdere
    spørsmål om erstatning
  • utforske
    reaksjonssystemet og
    bruke
    straffleggingsvilkåra til å
    vurdere
    straff etter rettsreglar om seksuallovbrot, valdslovbrot og vinningslovbrot
  • utforske
    og
    drøfte
    dagsaktuelle juridiske rettsspørsmål som gjeld varetaking av miljøet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering