Synsnedsetjing

For elevar med synsnedsetjing er det viktig med synspedagogisk tilrettelegging og målretta opplæring i viktige ferdigheiter, slik at dei kan få eit godt utbytte av skulekvardagen.

Elevar med synsnedsetjing følgjer læreplanen i alle fag, og skulen må tilpasse opplæringa slik at dei når måla i læreplanen.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har i tillegg rett til opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet når dei har behov for det. Mange kan òg ha behov for målretta opplæring for å kunne meistre viktige aktivitetar i dagleglivet sjølvstendig.

Rett til opplæring i kompenserande ferdigheiter

Sterkt svaksynte og blinde har rett til opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemidler og mobilitet, dersom dei har behov for det. Desse ferdigheitene blir omtalte som kompenserande ferdigheiter og er viktige for at elevane skal få eit godt utbytte av opplæringa.

Før skuleeigaren gjer enkeltvedtak om slik opplæring, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Les meir: Opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemiddel og mobilitet

Hjelp til sjølvstendig meistring av skulekvardagen

Ein elev med synsnedsetjing kan ha behov for hjelp og opplæring for å kunne meistre skulekvardagen og daglegdagse gjeremål sjølvstendig. Dette blir omtalt som ADL-trening eller opplæring i sjølvstende.

ADL-trening handlar om ferdigheiter som å kunne kle på seg uteklede eller arbeidsmetodar i praktiske og estetiske fag. Målet er at eleven skal kunne meistre både skulekvardagen og daglegdagse gjeremål så sjølvstendig som mogleg.

ADL-trening kan reknast som opplæring når skulen er ansvarleg og tiltaket er ein del av den individuelle opplæringsplanen til eleven (IOP). Skuleeigaren må gjere enkeltvedtak om spesialundervisning.

Tilpasse opplæringa 

Føresetnadene til elevane skal ikkje hindre dei i å nå kompetansemåla. Lærarane må derfor tilpasse arbeidsmåtar, ressursar, læringsaktivitetar og vurderingsformer ut frå dei føresetnadene elevane har. Også under prøver og eksamenar vil denne elevgruppa ha behov for tilrettelegging for å få vist kompetansen sin.

Les mer: Tilpasse opplæringa for elevar med synsnedsetjing

Les mer: Leggje til rette prøver og eksamen for elevar med synsnedsetjing

Tilrettelagde læremiddel frå Statped

Skulen kan bestille eller laste ned tilrettelagde læremiddel for elevar med synsvanskar frå Statped. Dette er læremiddel som blir tilpassa slik at elevane kan få eit godt læringsutbytte og moglegheit til å delta i opplæringa på lik linje med andre elevar.

Statped har tilrettelagde lærebøker i tre format:

  • punktskriftbok / punktskrift på papir
  • elektronisk bok (Word-dokument)
  • lydbok med fulltekst

Å leggje til rette nye læremiddel tek lang tid, og det er derfor viktig at skulen set seg inn i fristane til Statped så tidleg som mogleg.