Leggje til rette prøver og eksamenar for elevar med synsnedsetjing

Elevar med synsnedsetjing har rett til tilrettelagde nasjonale prøver, kartleggingsprøver og eksamenar.

Tilrettelegginga består i hovudsak av

  • tilrettelagde oppgåvesett og tilrettelagt førebuingsmateriell
  • lengre tid
  • tilgang til eigen pc med nødvendig programvare

Det er behova til eleven som er avgjerande for kva tilrettelegging eleven har rett til.

Meir informasjon 

Støtte før og under prøver eller eksamenar

Elevar med synsnedsetjing kan ha behov for ekstra tid til å orientere seg i eit førebuingsmateriell, til dømes fordi dei må få forklart bilete og figurar. Det er derfor aktuelt å forlengje førebuingstida der dette er mogleg.

Dersom ein elev treng støtte under sjølve prøva eller eksamenen, bør den som hjelper, ha inngåande forståing av læreplanen i faget og kjennskap til kva synsfunksjon eleven har. Det kan vere nødvendig å sitje i eit eige rom.

Hjelpa kan bestå i å

  • lese oppgåveteksten høgt for eleven. Dette skal ikkje gjerast i oppgåver som testar leseferdigheiter;
  • beskrive struktur og layout i oppgåvene;
  • synstolke;
  • slå opp i og bruke tillatne hjelpemiddel og tillaten programvare;
  • skrive svar for eleven. Dette skal ikkje gjerast i oppgåver som testar skriveferdigheiter;
  • formatere tekst der eleven ikkje sjølv kan kontrollere resultatet, til dømes setje inn sidetal eller velje skrifttype;
  • lese svaret høgt slik at eleven kan korrigere feil

Den som hjelper eleven under ein eksamen, bør opne eksamenssettet så tidleg som mogleg og setje seg godt inn i det. Eksamenssettet kan opnast tidlegast kl. 07.00 på eksamensdagen.

Lokalt gitte prøver og eksamenar

Skulen må sjølv leggje til rette lokalt gitte prøver og eksamenar. Tilrettelegginga kan gå ut på å

  • synstolke bilete og figurar og illustrasjonar
  • tilby taktile utgåver av figurar og illustrasjonar
  • forenkle diagram og figurar og illustrasjonar
  • lage ei alternativ oppgåve dersom oppgåva ikkje kan leggjast til rette