Læreplan i matematikk (MAT1-01)

Utgått - Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.


Etter Vg1P

Tal og algebra

The aims of the training are to enable the apprentice to
  • gjere overslag over svar, rekne praktiske oppgåver, med og utan tekniske hjelpemiddel, og vurdere kor rimelege resultata er
  • tolke, tilarbeide, vurdere og diskutere det matematiske innhaldet i skriftlege, munnlege og grafiske framstillingar
  • tolke og bruke formlar som gjeld daglegliv, yrkesliv og programområde
  • rekne med forhold, prosent, prosentpoeng og vekstfaktor
  • behandle proporsjonale og omvendt proporsjonale storleikar i praktiske samanhengar

Geometri

The aims of the training are to enable the apprentice to
  • bruke formlikskap og Pytagoras’ setning til berekningar og i praktisk arbeid
  • løyse praktiske problem som gjeld lengd, vinkel, areal og volum
  • bruke varierte måleiningar og målereiskapar, og analysere og drøfte presisjon og målenøyaktigheit
  • tolke og framstille arbeidsteikningar, kart, skisser og perspektivteikningar knytte til yrkesliv, kunst og arkitektur
  • lage og kjenne att mønster av like eller ulike former som kan fylle heile planet

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

The aims of the training are to enable the apprentice to
  • lage døme og simuleringar av tilfeldige hendingar og gjere greie for omgrepet sannsyn
  • berekne sannsyn ved å telje opp alle gunstige og alle moglege utfall frå tabellar og ved å systematisere oppteljingar og bruke addisjonssetninga og produktsetninga i praktiske samanhengar

Funksjonar

The aims of the training are to enable the apprentice to
  • undersøkje funksjonar som beskriv praktiske situasjonar, ved å fastsetje skjeringspunkt, nullpunkt, ekstremalpunkt og stiging, og tolke den praktiske verdien av resultata
  • omsetje mellom ulike representasjonar av funksjonar
  • gjere greie for omgrepet lineær vekst, vise gangen i slik vekst og bruke dette i praktiske døme, også digitalt

Økonomi

The aims of the training are to enable the apprentice to
  • rekne med prisindeks, kroneverdi, reallønn og nominell lønn
  • gjere lønnsberekningar, budsjettering og rekneskap ved hjelp av ulike verktøy
  • berekne skatt og avgifter
  • undersøkje og vurdere forbruk og ulike høve til lån og sparing ved hjelp av nettbaserte forbrukarkalkulatorar

Side 11 Av 14

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!