Elevar og fagval i vidaregåande opplæring 2023–24

Talet på elevar som vel yrkesfagelig studieretning i vidaregåande skole har auka jamt og trutt, og det er no like mange som vel yrkesfag og studiespesialisering. Det er framleis store kjønnsforskjellar når det gjeld val av utdanningsprogram. Talet på elevar som tek samisk som andrespråk har auka med nesten 30 prosent frå fjoråret. 

Hovudfunn

  • Halvparten av elevane på vg1 starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
  • Det er ein nedgang i elevar på studieførebuande som vel programområdet realfag.
  • Det er framleis store kjønnsskilnader i val av utdanningsprogram. Bygg- og anleggsteknikk og elektro og datateknologi har over 90 prosent gutar, mens frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign har over 90 prosent jenter.
  • Talet på elevar som tek samisk som andrespråk har auka med nesten 30 prosent frå fjoråret, medan talet på elevar som tek samisk som førstespråk er stabil.

Elevane er fordelt likt mellom studieretningane

Det er i overkant av 186 000 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2023. Desse elevane fordeler seg på 419 skolar. Talet på elevar og skolar endrar seg lite frå året før.

Halvparten av elevane som starta på vg1 på ein vidaregåande skole hausten 2023, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Av figuren nedanfor ser vi at delen på yrkesfag har auka gradvis i perioden 2014–2024.

Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 37 prosent av elevane på vg1. Det tilsvara nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med 12 prosent av alle elevar på vg1. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta 24 prosent på helse- og oppvekstfag.

Stabilt elevtal på dei fleste yrkesfaglege program

Talet på elevar held seg stabilt på dei fleste yrkesfaglege utdanningsprogram. Unntaka er helse- og oppvekstfag, og teknologi og industrifag. Det var i mange år ein auke i talet på elevar på helse- og oppvekstfag, men frå 2019–2020 har det vore ein nedgang. Teknologi og industrifag har derimot auka jamt sidan 2018-2019.

Færre elevar på yrkesfag vel påbygging

Yrkesfaglege elevar kan ta eit år med påbygging for å oppnå studiekompetanse. Mange av elevane som startar på eit yrkesfagleg utdanningsprogram ender derfor opp med studiekompetanse. Elevtalet på påbygging har hatt ein gradvis nedgang dei siste tre åra. Skoleåret 2023–2024 gjekk 10 400 elevar på påbygging til generell studiekompetanse, som er ein nedgang på 200 frå året før. Dei siste åra har i overkant av 20 prosent av elevane på yrkesfag valt å ta påbygging etter vg2.

Stabilt elevtal på dei fleste studieførebuande program

Sjølv om delen som vel studieførebuande retning har gått ned dei siste åra, så har fordelinga på dei ulike studieførebuande programma stort sett halde seg stabil. Unntaket er medier og kommunikasjon, som har hatt ein gradvis nedgang i elevtal sidan det vart eit studieførebuande utdanningsprogram i skoleåret 2016-2017.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studiespesialiserande

På vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande utdanningsprogram vel 63 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 35 prosent vel programområdet realfag. Delen elevar som vel språk, samfunnsfag og økonomi har auka dei siste tre åra. Dei resterande 2 prosentane valde ikkje programområde i vg2 fordi dei går på ein variant av studiespesialisering på enkelte privatskolar.

Nedgang i elevtal på realfag

Færre elevar vel realfag som program- og valfag. Særleg har talet på elevar som tek kjemi, biologi og fysikk gått mykje ned dei siste tre åra. Kjemi har til dømes gått frå 14 100 elevar i skoleåret 2020-2021, til 11 700 elevar i år.

Elevar på studieførebuande må velje eit matematikkfag på vg2. Det har vore ein tydeleg nedgang i elevar som vel matematikk for samfunnsfag(S1) sidan 2021–2022. Samstundes har det vore ein gradvis auke i elevtalet på praktisk matematikk. Desse tendensane begynte i skoleåret da LK20 tredde i kraft for vg2. At det er færre elevar som vel S1 kan ha ein samanheng med at det har vore endringar i sjølve faget.

Helsearbeidarfag er det største programområdet på yrkesfag

Omlag 3 700 elevar går på helsearbeidarfag på vg2, det største programområdet innanfor yrkesfaga. Andre populære programområde blant yrkesfaga er: Elenergi og ekom, barne- og ungdomsarbeidarfag, tømrer, industriteknologi, og sal og reiseliv.

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring

Det er store skilnader i val av programområde for jenter og gutar, særs i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Bygg- og anleggsteknikk og elektro og datateknologi har høvesvis 90 og 92 prosent gutar. Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign har 93 prosent jenter. Naturbruk, restaurant- og matfag, og sal, service og reiseliv er dei utdanningsprogramma som har minst forskjellar på kjønn.

Auke i talet på elevar som tek samisk som andrespråk

Det er fleire elevar som tek samisk som andrespråk enn samisk som førstespråk. Talet på dei som tek samisk som førstespråk held seg stabil, medan talet på dei som tek samisk som andrespråk har auka med nesten 100 frå skoleåret 2022-2023, ein auke på nesten 30 prosent.