Auka merksemd om det psykososiale barnehagemiljøet

Barnehagesektoren er positive til ei lovendring som har gitt auka fokus på det psykososiale barnehagemiljøet. Denne evalueringa viser samtidig at det er behov for meir støtte i implementeringa av lovendringa.

Hovudfunn

  • Barnehagesektoren er positive til lovendringa.
  • Det er ein del uklarleik rundt korleis ein skal forstå krenkingsomgrepet.
  • Det varierer kor godt regelverket er implementert og etterlevd.

Barnehagesektoren er positive til lovendringa

Evalueringa viser at barnehagesektoren er positiv til lovendringa. Det psykososiale barnehagemiljøet har fått auka merksemd etter at det nye regelverket vart innført. Det er stor semje om at det er viktig å sikra eit trygt og godt barnehagemiljø for barna og forhindra krenkingar. Samtidig påpeikar mange at barnehagen allereie har arbeidd med det psykososiale miljøet lenge, uavhengig av lovendringa.

Uklar forståing av krenkingsomgrepet og aktivitetsplikta

Mange opplever at det er uklart korleis ein skal forstå og definera kva som fell inn under krenkingsomgrepet, og korleis dette skal vurderast i praksis.

Det teiknar seg også to ulike oppfatningar av aktivitetsplikta. Nokon ser den som eit krav om å følgja opp barn som blir utsett for krenkingar, medan andre meiner ho handlar om å fanga opp tilfelle der barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Førstnemnde forståing er relativt utbreidd i barnehagane og inneber ei avgrensing av aktivitetsplikta.

Variasjonar i implementering og etterleving av regelverket

Generelt blir det i dag arbeidd godt med det psykososiale barnehagemiljøet. Evalueringa viser at det nye regelverket har ført til endringar i tråd med intensjonen. Eit tydelegare ansvar og auka systematikk bidreg til å minimera feil og manglar i arbeidet til barnehagen.

Samtidig er det store variasjonar i korleis barnehagane praktiserer og etterlever regelverket, ofte på grunn av manglande forståing av sentrale omgrep i lova. Mange rapporterer også at manglande støtteressursar i arbeidet med å implementera lovendringa har vore ei utfordring. Det er derfor framleis behov for kompetanseheving når det gjeld det å skapa eit trygt og godt barnehagemiljø.

Rapportforfattarane konkluderer med at det trengst ytterlegare ressursar og tiltak frå styresmaktenes side for å støtta opp under arbeidet med å implementera lovendringa.

 

Om rapporten