Opplæringslova
§ 9-7 Forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
Elevar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
- i undervisninga og vurderingssituasjonar
- på turar og arrangement i regi av skolen
- når skoleeigaren tilbyr leksehjelp
- i skolefritidsordninga
Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei får opplæring i bedrift.
Forbodet i første ledd og andre ledd gjeld ikkje dersom bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Ved brot på forbodet i første ledd kan det nyttast reaksjonar som følgjer av ordensreglementet til skolen. For opplæring spesielt organisert for vaksne etter kapittel 4 A fastset skoleeigaren kva reaksjonar som skal nyttast ved brot på første ledd. Reaksjonane for deltakarar som får opplæring etter kapittel 4 A skal gjerast kjende for deltakarane på førehand.
Dei som underviser på skolen, skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane, med mindre bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Dersom nokon bruker klesplagg i strid med forbodet, skal skoleeigaren gi personen pålegg om å ta bort plagget. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.
Føyd til med lov 22 juni 2018 nr. 85 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 22 juni 2018 nr. 946).