Opplæringslova
§ 4A-9 Bortvising
Når ein deltakar vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein deltakar alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen eller fylkeskommunen vise deltakaren bort frå resten av det kurset deltakaren er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av kurset kan fylkeskommunen også vedta at deltakaren skal misse retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.
Kommunen/fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å gjere vedtak etter denne paragrafen om bortvising eller tap av retten til opplæring.
Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), endra med lov 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).