Opplæringslova
§ 4-8 Oppgåvene til fylkeskommunen knytte til fag- og yrkesopplæringa
Fylkeskommunen har også oppgåver etter §§ 4-3, 4-5 og 4-6, knytte til fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrifter skal fylkeskommunen rettleie og følgje opp bedriftene, i tillegg til å kontrollere at den enkelte bedrifta fyller krava for å få godkjenning.
Fylkeskommunen skal leggje fram for yrkesopplæringsnemnda saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, før fylkeskommunen gjer vedtak i saka. Saker om godkjenning av lærebedrifter, tap av godkjenningar og kvalitetssystemet for fag- og yrkesopplæringa skal alltid leggjast fram for nemnda. Fylkeskommunen skal leggje vekt på det yrkesopplæringsnemnda har vedteke eller uttalt når han avgjer saker som gjeld fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrift eller vedtak om tap av godkjenning skal fylkeskommunen leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda, jf. § 4-3.
Fylkeskommunen skriv ut fagbrev, sveinebrev og praksisbrev på grunnlag av greidd prøve, og kompetansebevis for opplæring som er gjennomført.
Fylkeskommunen godkjenner praksis for kandidatar som melder seg til fagprøve eller sveineprøve utan læretid, jf. § 3-5.
Etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda nemner fylkeskommunen opp ei, eller om nødvendig fleire prøvenemnder for dei faga det er prøvekandidatar i. Fylkeskommunen kan eventuelt nemne opp prøvenemnder i samarbeid med andre fylkeskommunar.
Endra med lover 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 nov 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 17 juni 2016 nr. 67 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 673).