Opplæringslova
§ 4-4 Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.
Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb kan nå måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen. I fall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta leggje til rette for dette.
Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.
Lærebedrifta melder lærlingen og kandidaten for fagbrev på jobb til den fagprøva eller sveineprøva som blir halde nærmast den tida da læretida eller kontraktstida er ute. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten til den praksisbrevprøva som blir halde nærmast den tida da læretida er ute. Lærebedrifta melder lærekandidaten til kompetanseprøva. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.
Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen.
Lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758), 17 juni 2016 nr. 67 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 673), 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825).