Opplæringslova
§ 3-11 Mellomstatleg avtale om privat vidaregåande skole
Departementet kan godkjenne ein privat vidaregåande skole når det ligg føre ein mellomstatleg avtale om dette. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i opplæringslova og frå forskrift gitt i medhald av lova.
Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 758).