Opplæringslova
§ 2-7 Kvensk- eller finskopplæring for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn
Når minst tre elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i kvensk eller finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha slik opplæring.
Departementet kan gi forskrifter om alternative former for opplæring etter første leddet når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale på skolen.
Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778).