Opplæringslova
§ 2-5 Bokmål og nynorsk i grunnskolen
Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som skriftleg hovudmål.
I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.
Foreldra vel skriftspråket i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.
Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.
Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.
Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i både bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring.
I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003 iflg. res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 21 mai 2021 nr. 42 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 21 mai 2021 nr. 1619).