Opplæringslova
§ 15-10 Behandling av personopplysningar
Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring og retten til dokumentasjon på opplæringa.
Fylkeskommunar kan hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebygge fråvær i opplæringa og følge opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.
Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder, vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.
Føyd til med lov 11 juni 2021 nr. 80 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899).