Forskrift til opplæringslova
§ 6-31. Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og som ønskjer opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole
Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter § 3-9 som til Vg1 blir tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein knutepunktskole etter § 6-40, kan søkje om inntak etter føresegna her. Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd.
Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller så må fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste trinn, jf. § 6-37.
Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.