Forskrift til opplæringslova
§ 6-26. Søkjarar utan vurdering med karakter i halvparten av faga
For søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, men som ikkje har vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn. Søkjaren må ikkje oppfylle vilkåra for å bli teken inn etter § 6-22 til § 6-25.
Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.