Forskrift til opplæringslova
§ 6-13 Vilkår for inntak til Vg1
Vilkår for inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande. Dette kan dokumenterast ved vitnemål for fullført norsk grunnskole eller stadfesting av at søkjaren fyller eitt av desse vilkåra:
- Er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd.
- Har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år.
- Har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og denne forskrifta § 4-29.
Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om fylkeskommunen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til kommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c.
Kommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Kommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-29, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa er ansvaret for gjennomføring av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen.
Endra ved forskrifter 14 nov 2022 nr. 1959, 14 nov 2022 nr. 1959.