Forskrift til opplæringslova
§ 6-4. Gjesteelevar
Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til å søkje om opplæring i ein annan fylkeskommune som gjesteelev, jf. opplæringslova § 13-3 første ledd. Søkjaren må søkje om inntak til kvart opplæringsår. Søknaden sendes til vertsfylkeskommunen.
Fylkeskommunen skal ta inn gjesteeleven til tilbodet som det er søkt på dersom det er ledig kapasitet. Dersom det ikkje er ledig kapasitet, gjer vertsfylkeskommunen vedtak om avslag.
Ved inntak skal prioriteringsrekkjefølgja vere slik:
- Søkjarar busette i fylket i samsvar med § 6-14 og § 6-29
- Prioriterte gjesteelevar
- Gjesteelevar som konkurrerer etter poeng.
Fylkeskommunen kan la gjesteelevar konkurrere på lik linje med søkjarar busette i fylket dersom retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 oppfyllast for søkjarar busette i fylket.
For å bli teken inn som prioritert gjesteelev til eit tilbod må søkjaren kunne dokumentere at det ligg føre særlege pedagogiske eller sosiale grunnar for å gå på skole i eit anna fylke. Søkjaren må leggje fram relevant dokumentasjon. Vertsfylkeskommunen behandlar søknaden og avgjer om det ligg føre særlege grunnar.
Elevar som har rett til opplæring i samisk, skal bli tekne inn som prioriterte gjesteelevar dersom dei har i behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Eleven må kunne dokumentere at han eller ho har rett til opplæring i samisk etter opplæringslova § 6-3.
Vertsfylkeskommunen er klageinstans for klage om inntak av gjesteelevar etter denne føresegna. Ein klage kan gjelde alle sider av saka.
Fylkeskommunen kan i lokal forskrift regulere inntak av gjesteelevar nærare.
0 Tilføyd ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).