Forskrift til opplæringslova
§ 6-8. Søknadsfrist
Søknadsfristen for inntak til vidaregåande opplæring er 1. februar for søkjarar som
- har enkeltvedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som søkjer om fortrinnsrett ved inntak etter § 6-15 til § 6-19 og § 6-30 til § 6-32, eller om individuell behandling etter § 6-22 og § 6-35
- har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12
- er nyleg komne til Noreg
- har rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9
- søkjer om individuell behandling etter § 6-25 og § 6-38.
Fristen for søknad for andre med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 er 1. mars.
Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.
For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak det etterfølgjande skoleåret. Søkjarane skal få melding om at søknaden kom for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.
Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.
Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor.
Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande opplæring (Vg1, Vg2 og Vg3) etter utløpet av søknadsfristar av ungdom som blir plassert i fosterheim eller barnevernsinstitusjonar med heimel i barnevernloven etter søknadsfristen. Fylkeskommunen har i slike tilfelle òg plikt til å ha inntak etter at skoleåret har begynt når dette er forsvarleg. Fylkeskommunen har rett til refusjon etter reglane i § 19-4 og § 19-7 for den delen av skoleåret som eleven får opplæring i fylket.
Plikta etter sjuande ledd gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr og har kapasitet på det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet. Ungdommen kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.
0 Endra ved forskrift 27 juni 2017 nr. 1105 (i kraft 1 aug 2017).