Forskrift til opplæringslova
§ 5-8 Rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar og eventuelle retningslinjer for sensorar ved skriftleg eksamen
Eleven, privatisten og lærlingen har etter at karakteren ved skriftleg eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar. På oppmoding skal han eller ho få kopi av svaret. Eleven, privatisten og lærlingen kan også krevje å få lagt fram eventuelle retningslinjer som sensorane har fått til hjelp ved sensureringa.