Forskrift til opplæringslova
§ 5-14 Klage på bedømminga av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve i vidaregåande opplæring
Klage på den faglege vurderinga av prøvearbeidet til ikkje bestått skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der prøva er gjennomført, jf. § 5-4 andre ledd tredje punktum. Fylkeskommunen skal innhente uttale frå dei som har gitt den opphavlege bedømminga, jf. § 3-52 og § 3-54, før saka blir send til klageinstansen.
Klageinstans for klage på bedømming av fag- og sveineprøver er klagenemnda som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 12-6. Klageinstans for klage på bedømming av praksisbrevprøver og kompetanseprøver er den fylkeskommunen gir mynde.
Medlemmene i klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga og bør ikkje vere frå den bedrifta eller skolen som klagaren kjem frå.
Klagenemnda kan gjere om resultatet frå ikkje bestått til bestått, avvise klaga eller oppheve den opphavlege avgjerda og vise til ny prøve.
Klage som er grunngitt med formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold, skal behandlast av fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.
Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad for prøveresultatet, skal den opphavlege avgjerda opphevast. Prøva skal da reknast for ikkje gjennomført, og klagaren har høve til å gjennomføre ny prøve så snart som mogleg.
Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017), 14 nov 2022 nr. 1959.