Forskrift til opplæringslova
§ 4-34. Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
For deltakarar skal berre standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakterar skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast på vitnemålet. Dersom heile faget er godkjent gjennom realkompetansevurderinga, er dette likeverdig med bestått i faget.
I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.
Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- og yrkeskompetanse.
For deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag som elev eller deltakar meir enn éin gong, jf. § 4-9 andre ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjend gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå, dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.
0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).