Forskrift til opplæringslova
§ 4-32. Unntak for deltakarar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram
Etter søknad kan skoleeigaren gi samtykke til at deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to av fellesfaga, likevel får vitnemål som gir yrkeskompetanse. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.
Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.
Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.
0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).