Forskrift til opplæringslova
§ 4-7 Undervegsvurdering i fag
All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.
I undervegsvurdering i fag skal deltakarar
- delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
- forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.
Deltakarar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga.
Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om deltakarar i grunnskolen har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-4. Deltakarar i grunnskolen med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-5 første ledd.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).