Forskrift til opplæringslova
§ 3-50 Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.
Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget etter læreplanen for opplæring i bedrift. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal syte for at kandidaten får vist om han eller ho har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget.
Fag-/sveineprøva skal prøve kandidaten i å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eit eige fagleg arbeid.
Fag- eller sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at det er mogleg for kandidaten å utføre eit arbeid av god kvalitet. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, kan òg nyttast under prøva.
Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva.
Prøvenemnda skal samstundes med oppgåva utarbeide eit grunnlag for vurderinga av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta skal gjerast klare for kandidaten.
Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).