Forskrift til opplæringslova
§ 24-2 Eksamen
Første eksamen i fag etter LK20/LK20S er:
- våren 2021 for fag som skal bli avslutta på vidaregåande trinn 1
- våren 2022 for fag som skal bli avslutta i grunnskolen og på vidaregåande trinn 2
- våren 2023 for fag som skal bli avslutta på vidaregåande trinn 3.
Siste eksamen i fag etter LK06/LK06S skal haldast hausten etter første eksamen for LK20/LK20S. Siste eksamen etter LK06/LK06S for dei ulike trinna i vidaregåande skal haldast:
- hausten 2021 for vidaregåande trinn 1
- hausten 2022 for vidaregåande trinn 2
- hausten 2023 for vidaregåande trinn 3.
Om opplæringa er gjennomført, kan lokalt gitt eksamen haldast hausten same året som LK20/LK20S er tatt i bruk i faget.
Utdanningsdirektoratet kan fastsetje unntak frå når første eksamen etter LK20/LK20S skal vere, og når siste eksamen etter LK06/LK06S skal vere.
Endra ved forskrifter 2 juli 2020 nr. 1495, 16 sep 2020 nr. 1778.