Forskrift til opplæringslova
§ 22A-3 Innhenting av opplysningar ved skolebytte
I den utstrekning det er nødvendig for formål som nemnt i opplæringslova § 15-10 andre ledd, kan skolar innhente følgjande opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i forbindelse med skolebytte:
- tidlegare gjennomført opplæring, inkludert fagsamansetning
- karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
- fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
- kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12 eller etter friskolelova § 3-5.
Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter opplæringslova § 9A-12 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta og andre elevar på skolen.
Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).